Kompetanse

Dammerud Kompetanse vart etablert som enkeltmannsforetak i juni 2014. Vi vart aksjeselskap i april 2015 og tilbyr våre tenester til kommuner, KF og IKS som har behov for bistand til gjennomføring av sine anskaffelser.
Vi er i dag to tilsette innkjøpsrådgjevarar med sertifisering KS-I, med mangeårig røynsle frå kommunale innkjøp. 
Dagleg leiar Tore Dammerud har lang erfaring med utøving av handverket anskaffelse og offentleg innkjøp. Han har 6 år erfaring som seniorrådgjevar innkjøp for Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre/ Ålesund kommune. Tore har også lang erfaring med konkurranseutsetting av tenester, særleg innan omsorgstenestefeltet. Han var også med og utarbeidde rettleiar for konkurranseutsetting frå KS, tilbake i 2002. Tore har utdanning innan økonomi og helse- og sosialadminstrasjon, og har tilleggsutdanning i forvaltningsrett, mediekunnskap og kontraktsleiarutdanning fra Høgskulen i Nord-Trøndelag. Med arbeidserfaring som sosialsjef, nestleiar og leiar i pleie-og omsorgstjenester, seksjonssjef i HELFO og innkjøper i innkjøpssamarbeid har Tore mykje kjennskap til de fleste område av kommunal forvaltning og drift, og kan bistå også med gjennomføring av behovsanalyser og utarbeiding av kravspesifikasjoner.

Dammerud Kompetanse AS samarbeider med leiande innkjøparar og advokater for å være i framkant av utviklinga fagleg.

Dette gjev Dammerud Kompetanse AS muligheit til å tilby ei helskapleg tilnærming til anskaffelsene i verksemdene vi går inn i.